Er du Pro-Usa, Über Kapitalist eller Trancefan kan du like godt trykke på tilbake knappen med det samme.
 
 
Mediatankar og andre skavankar 
  corner   



HEIM

ARKIV


Denver Gentlemen

Dissident Voice

Hasunds Hund

CDON

Michael Moore

Hei. Eg driver denne bloggen etter beste evne. Eg er 23 år og held på med grunnfag i medievitenskap ved Universitetet i Bergen. Innholdet på bloggen vil nok variere, men hovedtema vil bli medierapportering og diverse hyllester til alternativ country musikk. Americana

Reuters

New York Times

Ananova

Noam Chomsky

 

fredag, mars 19, 2004

 
Aller siste post på denne blogg, men har fått ny, følg linken

På tide å få ein fresh blogg tenkte eg, ein blogg som oser design. Dette er siste melding her. Nye bloggen har tatt til og du finn den her (må huske å bookmarke, idiotisk vanskelig adresse)



onsdag, februar 25, 2004

 
MENNESKET OG KAMELEONEN

Hører på: Explosions in the Sky - First breath after coma (deilig)

Mine blogginnlegg har ein tendens til å formast over lang tid. Sjølv om det sikkert kan minne om tankelaust rabalder kvesta saman på få minutt er sanninga derimot meir kompleks enn som så. Mine blogginnlegg er ikkje skreven i ein tilstand av affekt, men er eit selsamt kirurgisk arbete der kvart adjektiv blir samla inn frå høgkulturelle aviser som Morgenbladet og Ny Tid, og ved hjelp av litterære metoder henta dels frå dadaismen, dels frå russisk futurisme, kobla saman til meiningsbærande einheiter til glede for mor og far. Ok, la tøyset avsluttast. No vil eg rette merksamd mot eit fenomen som eg vil omtale som Mennesket og Kameleonen. Eg tar no på meg forskarhatten og startar med ei episode henta frå min eigen røyndom.

Lett sjanglande på livets landeveg kjem eg bortover Møhlenpris sine vakre gater. Dagen nærmar seg sin tredje time og våren daskar forsiktig borti mitt ansikt med hjelp av sin følgesvenn: den kalde brisen. Gata er lang i dag, rundt omkring 300meter med rett strekning vil eg tippe. Som det målretta mennesket eg er har reiseruta blitt lagt i god tid før avreise frå Stormsgate 5. Alt er altså såre vel. Men så skjer det ein heller triviell episode som i ettertid kan seiast å ha endra mi livsoppfatning og muligens gjort meg til eit betre menneske. Langt borte i synningom ser eg vedkommande komme mot meg. Han er sjanglande som meg, syngande som meg, litt liten og kraftig som meg og bevegar seg med slappe skritt i mi retning. Eg bestemte meg på forhånd å gi han eit likegyldig blikk, eit blikk som liksom skulle uttrykke "ja vel, vi er født på samme klode, men egentlig betyr du ingenting for meg så berre gå vidare du". Medan eg fortsatte med mi antagonistiske tankerekke ser eg plutselig at vedkommande strekk handa ut frå kroppen sin. Fortsatt bevegar vi oss i samme målretta tempo. Kanskje er vi vi 20 meter frå kvarandre, muligens mindre. Poenget er likevell at denne ukjente karen gir meg ingen valg: enten trekk han høgrearmen tilbake eller så blir det heftig slåssing der den eine parten slår (han) og den parten lar seg bli slått (meg). Dilemaet er til å ta og føle på. Men kva er det som skjer?

Plutselig og heilt ubevisst frå mi side strekk eg mi venstre hand ut. Ikkje som ein truande bevegelse, men det som eg i etterkant har omtala som mitt kamelonske indre. I brøkdelene av eit sekund berørar våre håndflater forsiktig kvarandre i ein slags ydmjuk helsing som ein ellers kun forventar av ein undersått i sitt møte med den ondskapsfulle Kong Ferdinand. Etter å ha berørt eit av menneskets skitnaste kroppsdelar forsvinn vi vidare inn i vårens lune nattetimar utan å veksle eit ord med kvarandre og utan å snu oss tilbake. Møtet er fullbyrda. Kva var det så dette møtet i natta kan fortelle oss?

For det første må eg seie eit par ord om kva det ikkje var. Av enkelte infantile kompiser har dette blitt omtalt som ein sår homo-erotisk opplevelse som egnar seg best seg på trykk i pornografiske medium under spalten "leseren forteller". Tåpelig forslag uten tvil, fordi dette strekk seg langt over seksuelle legninger og preferanser, noko eg er fullstendig likgyldig til. (psst, eg er hetero!) Møtet var derimot eit bevis på mellom-menneskelige aspekter som knyttar oss saman som medmennesker og som gjer det mulig for oss å fungere rimelig greit i samspan med andre individ. Dette usynelige felleskap mellom mennesker av ukjent opprinnelse (og ikkje berre felleskap gjennom blodsbånd eller kameratskap) gir meg håp for framtida. For en gangs skuld er det ein ektefølt kjensle som renn gjennom meg og ikkje tom ironisk språkakrobatikk innrulla i oppbrukte klisjear. Slike kjensler er altfor fullkomne til å formulerast gjennom språkets faste regelverk og burde difor ikkje bli publisert som blogginnlegg. Sidan det er umulig for meg å gjengi slike kjensler på ein rettferdig måte henvendar eg meg difor til lesaren sin nostalgiske sans. Tenk på smaken av din aller første iskrem, lyden av barne-tv for dei minste, eller den velduftande aroma som tilhøyrte din første kjæreste (og igjen dette er ikkje ein erotisk skvalder). Då kan du kanskje forestille meg den gleda eg følte over eit enkelt håndtrykk denne brisne vårnatta.

Kva er så denne teorien om mennesket og kameleonen spør du kanskje. Her kjem te-skjei versjonen. Min vitenskapelige erkjennelse er at mennesket er ein kameleon. Ein kameleon i menneskelig forstand er i følge definisjonen ein "person som stadig skifter standpunkt etter forholdene" Grei definisjon det. Men det "kameleonske" rommer så masse meir en eit koldtbord av standpunkt som vi benyttar oss av i forskjellige situasjoner. Definisjonen er også for negativ då den gir meg assosiasjoner til kald og kynisk opportunisme og ikkje klarer å gripe det positive aspektet ved kameleonen. Kameleonen er nemlig ein svært hyggelig person å ha rundt seg skal du vite.

Tenk deg følgande. Du er på ein fest med fullt fres. Ingen kristenfolk i sikte. Livet er som ein våt drøm. Du kjem i kontakt med ein person som virkar svært interessert i deg og du siklar etter han/ho. Snart gjer kameleonen sitt inntog og dykk startar å kopiere bevegelsane til kvarandre. Ein enkel handbevgelse, lav eller høglydt latter, løfting av augebryn, ein sjarmerande hiksting, hårfikling osv.. Her har vi to personar som delar ein opplevelse av unison samansveising. Om begge får oppfylt sine ønsker for kvelden er egentlig ikkje so viktig. Det interessante sett frå eit vitenskapelig synspunkt er at kamelonen er din venn i slike situasjoner.

Tenk deg så at du ikkje får napp hos vedkommande (viss det var det du ville). På veg heimover møter du ein rekke personar som kjem gåande mot deg. Enkelte har muligens fått litt masse alkohol i kroppen (teorien er ikkje gyldig for personar i ekstremt rusa tilstand), andre kjem frå kinoens dunkle sal (teorien er ikkje gyldig for personar som er utsatt for usannsynnelig mange sanseinntrykk på ein gang), medan andre kjem gåande frå heilt andre plassar. Desse siste er vår målgruppe. Har ikkje du enkelte gangar tatt deg i å kopiere ansiktuttrykk frå tilfeldige forbipasserande, utan å vite kvifor det skjer? Muligens føler du deg litt rar og lurer på om den andre personen la merke til at du kopierte uttrykket deira. Det artige er at ein ofte observerar at sjølv sure og nedtrykte menn og kvinner blir smitta av eit vakkert smil. (smil smittar bla bla) Men endå bedre er det når sprudlande folk møter eit bittert steinansikt og plutselig blir tvinga til å la smilet falle til fordel for eit ansikt som uttrykker det motsatte av livsglede. Ahh, ein må le litt.

Fordi eg veit at folk som regel mislikar lange blogginnlegg samtidig som eg er ganske lei av heile snakket om felleskap og slikt (å nei, var heile greia ironisk igjen) kjem eg ikkje til å skrive meir om temaet. Kameleonen befalte meg nettopp å gå ut i mørket for å kopiere vettskremte framande... MOhahha

OPPDATERT KAMELEONSTOFF: denne artikkelen som eg kom over ganske så tilfeldig 28/02-04 gir meg ein viss faglig støtte.



tirsdag, februar 03, 2004

 
INGEN VASKEBRETT PÅ DENNE KAREN

hører på The Jayhawks - Save it for a rainy day

Eg har alltid hatt eit ønske om å vite korleis eg kjem til å sjå ut i framtida. Vil mitt ansikt foringast til det ugjenkjennelige, blir hengepuppar og hårete knokar livets last, og vil dei no så smått ankomne grå hår gjere meg utsøkt som mobbeoffer for genetisk perfekte og velutvikla skårunger? Alderdom kan nok være ein forferdelig ting for mange. Kall meg gjerne forfengelig, jau kall meg gjerne ein overfladisk tulling med det samme, eller kom gjerne opp med meir originale skjellsutsagn. Uansett hadde det vært "coolt" å la dataen vise ditt ytre deg 20-30 år fram i tid.

Slike eksperiment er mulig i denne teknologiens tidsalder, men koster nok buksa og vel så det. Eit dårlig alternativ er å besøke denne nettsida her. Då kan du nemleg legge inn litt enkle opplysningar om deg sjølv og få opp på skjermen eit portrett av deg sjølv som virituell modell. Slik du ser ut I DAG. (nåja, du får freista)

Her er meg i boksershorts medan eg speilar kroppen etter å ha inntatt morgenkaffeen.



onsdag, januar 21, 2004

 
MIDDELMÅDIG, EG?

hører på: Geoff Berner - Maginot

La det være sagt med en gang. Ingenting er meir avskyelig enn middelmådige filmer. Derfor irriterar det meg stort når eg overhører folk i videobutikken låne filmar utifra kriterier som: "den er nok grei den", "hm, terningkast 3, ikkje dårlig", eller den klassiske "under denne kan vi sikkert diskutere pinlige fyllehistorier og dytte ansiktet i bollen med potetchips uten å gå glipp av handlinga". Dessverre er det av og til slik at man kjem i høglytte filmdiskusjon med slike skravlete, mobilavhengige, ultra- sosiale, ignorante og middelmådige mennesker. Dette er da gjerne i kompaniskap med ein halvliter hansa øl og muskuløse kamerater med "from dusk to dawn" tatovering på halsen og judobelte på innerlomma. Skremmande folk med andre ord.

La meg difor gi desse folk eit sanningens ord (på bloggen og ikkje i den heller usikre judoringen)

Gode filmer bør (normativ setning, min blogg osv) være av virkelig elendig kvalitet eller framstå som riktige klassikere. Middelmådige filmer gir deg absolutt ingenting, bortsett fra å føre din usle tilværelse to timer nærare dødens endestopp. Bitre ord kan hende, men absolutt på sin plass.

Du lurer kanskje på om det har rabla fullstendig for denne tullingen som skriv denne bloggen. Har all den vegetarmaten han visstnok har fortært gjort han til ein lite følsom filmnazi som sitt udusja og fæl foran skjermen medan han med ormetunge spyr ut eder og galle mot alle som har krumma eit hår på hans voldsomme manke. Eller kanskje du ikkje bryr deg og avfeiar det heile som ein språkelig leik med "onde" adjektiv. Viss du derimot orkar å lese litt meir i samme stilen skal eg no forklare kvifor eg meinar middelmådige filmar er satans verk.

Ta f.eks min favorittsjanger skrekkfilmen. Det er vel liten tvil om at det har komt ut ein del middelmådige grøssarfilmar i mi levetid. Ein type undersjanger som fell under denne kategorien er "filmar med uventa avslutning på eit standarisert plot". Slike filmar endar gjerne med at ein av våre heltar eller heltinner viser seg å være ein lumsk morder som har seksuelle og/eller økonomiske motiv for å ta bøttevis med liv med redskap som vanligvis blir benytta av ein snill husmor under middagspreparasjon. Slike filmar lovar ingenting til sitt sovande publikum og sjølv ikkje den unike slutten forhindrar den fra å få ein nådelaus 3`ar av "god kveld norges" kritiske filmredaksjon.

Ein annan underkategori er "horrorfilmar med standarisert avslutning på originalt plot". Desse er muligens enda dårligare en sistnevnte då deira forsøk på å lage stor filmkunst går i grus på grunn av ein platt avslutning. Eg tenker her på filmar der helten/heltinnen etter ein skommel dag (lite blodig) med omreisande gjenferd på sin nye herskapelige bolig, blir forundra over at det er den gamle eigaren som går igjen fordi han er lei seg. Akkompagnert til tonene av gregoriansk chant så klart.

Søker du derimot etter virkelige skatter innanfor skrekksjangeren bør du holde deg innanfor kategoriane "standarisert plot med standarisert avslutning" eller "originalt plot med original avslutning". Der har du også grunnen til at eg fremjer fredag den 13 som den mest fornøyelige serien av filmar som har blitt utgitt i mi levetid. Vi veit alle at sjølv om Jason Vorhees blir sendt lukt til helvete ridande på ein atombombe er sjansane for ein oppfølgar absolutt til stades. Desse filmane boltrar seg i interteksuelle referansar til seg sjølv (ved at alle filmane i bunn og grunn er ein kopi av den originale, og det kloke publikum veit når man kan forvente fare og når det er tid for å slappe av). Dette er elendige filmar, forstå meg rett, likevell vil eg hevde det her er ein komplett serie fordi den er så lite høgtidelig og så bevisst publikums rolle i resepsjonsprosessen. I slike filmar søker publikum gjennkjennelse framfor skrekk (vi kan godte oss med å oppdage referanser til andre filmar), barnslig humor framfor intellekuell hjernetrim, og ein åpen slutt framfor den endelige moralske seier.

Kunne sikkert blogga litt til, men velger heller å avslutte med å linke til to filmar eg har kost meg med i det siste. Den eine er skikkelig elendig komedie (standarisert plot og standarisert avslutning) medan den andre er ein riktig klassiker



fredag, januar 02, 2004

 
OG VINNAREN AV ÅRETS HUMBUGSIDE ER .....

Nynner til: Boston - Gode på Bunn

Av og til ler personar så voldsomt at beina sviktar, magesekken truar med å vrenge seg, og man blir liggande
på bakken i deilig fosterstilling gispande etter nok oksygen til å holde seg bevisst. Slik var då også min reaksjon då eg kom over det som nok er det dårligste foretaket nokonsinne publisert på nettet. I dette innlegget skal lesaren følge mi skrekkslagne reise fra idol-kurt til den innerste kjerna av kapitalismens djevelskap og humbug.

La oss ta det heile fra starten. Som alle har fått med seg blei Kurt i går krona til Verdens-Idol og millionselgande Will og Kelly tapte. Hyggelig nok det. Difor var det naturlig for meg å undersøke litt på utenlandske forum og lese kva folk syntest om resultatet. Det var då eg kom over eit innlegg fra nokon som kallar seg ....... og som reklamerte for å selge cden til Kurt til personar utanfor norges grenser. Det første som slo meg var at dette var akk ein nettbutikk som vil sko seg på Kurt sin suksess (naturligvis) og tenkte ikkje særlig meir over det. Det var først med nærare ettersyn at komedien tok form. Enten må folket som er ansvarlig for denne sida lide av ein ekstrem form for ordblindheit eller gi fullstendig blanke i å framstå som eit seriøs nettbutikk. La oss gi eit par eksempel:

1) When yuo sedn a package to some one, please write our adress, as teh sender. This secure you against anyone showing up on you door.

2) Jeans og high quality. The pants are low around (hanging low on you over body) 100 percent cotton. perfekt as working pants. we do only hace size 34/36 and 36/36

Javel. Dette var den engelske versjonen av sida, men firmaet er da sannelig registrert i norge. Kanskje hadde eg vært for streng med ....... Med vårt dårlige utdanningssystem er det kanskje ikkje så rart at engelsken deira er litt skrantete. La oss heller få opp den norske versjonen så skal det nok bli vei i vellinga, tenkte eg. La oss ta en titt.

3) Vi har som mål å være billig i mot for andre butikker. Selvsagt kan vi ikke lover dem alt skal være billigst

4) Vi kommer med nye spesial tilbud vær måned. Enekelte av månedens tilbud er begrenset til et maks antall pr. hustand eller kunde. Har de ider til forbedringer er det bare og ta kontakt med oss

Poenget mitt i dag er ikkje å kritisere folk for å ha ei heller laber rettskriving, men å gi lesaren innblikk i det som for meg virkar som ei useriøs nettsjappe som dunstar av humbug og dårlig kebab.

*Her stoppar dessverre dagens blogginnlegg. Sjølv om eg har samla inn ein mengde sjokkerande materiale om dette firmaet (som er milevis meir alvorlig enn skrivefeil) velger eg å holde denne informasjonen borte fra bloggen. Grunnen er at eg ikkje ser meg rede til å stå ansvarlig for offentlig skittkasting. Ein kan innvende at dette virkar som ein litt pysete vending då eg ovanfor lova lesaren gull og grønne skogar, men som nevnt i tidlegare samanhengar er målet med denne bloggen først og fremst å bedrive skrivetrening. Har andre personar (f.eks i1277) trang til å publisere vidare detaljar om dette snuskete selskapet får dei ha lykke til.



torsdag, desember 25, 2003

 
SOM EIN GAFFEL I VRANGSTRUPEN

hører på: Low - Just like Christmas

I dag er det første juledag. Midt under middag nummer to fikk eg eit plutselig innfall og ønske om å bli vegetarianar. Er dette virkelig eit realistisk mål? Skal eg avstå frå dette deilige kjøttet som eg normalt harvar over og bli veggis? Frå no av blir denne bloggen mitt skriftemål på vegen mot greske salater, linser, fetaost, selleri og purreløk. Det blir eit innblikk i mine oppturar og nedturar i dette sjuke eksperimentet.

Som takk for at eg delar mine erfaringar til publikum på denne måten er eg avhengig av hjelp fra lesaren av bloggen. Denne transaksjonen mellom meg og deg kan foregå på mange forskjellige måter: du kan være til støtte for meg med bastante heiarop og oppmuntringsord, du kan gi meg oppskrifter på gode matrettar og gode butikkar for ingrediensar, eller du kan "disse" mitt forsøk og kalle det patetisk i det formål å gjere meg enda meir motivert til å gå over til den grønne delen av supermarkedet.

Kva er så hensikta med dette tullballet? For det første er det ikkje fordi eg elsker dyr over alt på jord, eller fordi eg er ein spesielt omtenksom person. Faktisk er det ikkje på grunn av moralske, etiske, miljø eller samfunnsmessige årsaker at eg no vil forsøke dette. Grunnen er rett og slett at kroppen min skal få lov til å gjennomgå ein renseprosess, nå eit høgare stadium kan man seie, gå frå den bedrøvelige tilstand av ureinheit den befinn seg i og over til ein lykkelig og frisk tilstand av velvære der fy-mat blir ja mat og ja mat blir fy-mat.

Prosjektet startar den 1 Januar 2004 klokka 00.00. (etter pinnekjøttet så klart). Billettar kjøpast på posten i alle store byar.

Ps!! Blir eg utestengt fra "Hunden" no?



fredag, desember 12, 2003

 
ELEFANTMENN OG ANDRE MENN

hører på: Appleseed Cast - Marigold & Patchwork

I desse dagar har Gus van Sant sin siste film Elephant visning på norske kinoer. Filmen er i følge journalist Inger Bentzrud i Dagbladet ein "lettvint" og "holdningslaus" skildring av ein amerikansk skulemassakre, men belønner likevell filmen med terningkast 4. Hovudkritikken mot filmen summerast omtrentlig som dette:

* Elephant har ein rein "observerande" og "tilslørande" holdning som medfører at det er umulig å få nokon svar på kvifor slike massakrer har hendt og vil skje i framtida. Bentzrud kritiserer filmen fordi den ikkje tek moralske standpunkt til dei faktiske hendelsane den beskriv, og at regissøren ved bruk av ein registrerande, verdinøytral og nesten antropologisk filmmetode (ja du veit, dei som ikkje har lov til å meine noko om noko) ikkje problematiserer dei underliggande motiva bak slike drapshandlingar. Summa Sumarum ender vi opp med ein sekvens bevegelige bilder som kan reduserast til budskapet : Alle er potiensielle gjerningsmenn eller offer i ein skulemassakre, her må ein passe godt på.*

No har eg ikkje sett denne filmen. (antakeligvis første bud ved journalisthøgskulen: Ikkje kom med meiningsytringar om ting du ikkje har kjennskap til, det blir det dårlig journalistikk ut av) Likevell vil eg våge meg til å kommentere denne anmeldelsen til Bentzrud, der målet ikkje er å representere ei eller annan form for "allmenngyldige sanning ", men heller å skape ein vidare diskusjon om forholdet mellom film og virkeligheit.

For det første er det på ingen måte slik at filmkameraet står som garantist for den "autentiske" framvisinga av vår tilværelse. Gjennom kamera kan vi derimot seie å få kjennskap til eit utallige små flikkar av verden slik filmskaparen (enten Gus van Sant eller ein tilfeldig familiefar fra snåsa) oppfattar den. Dette er ikkje det samme som å hevde at alle lever i sin eigen subjektive inntrykksverden og at ingen delar dei samme opplevelsane, men derimot ei påpeiking av at filmen og det einslige subjektet prinsipielt sett gir ei "usann" avbildning av virkeligheita. Gjennom ein naturlig utvelgingsprosess mellom det som interesserar oss og det som vi forkastar, har vi allereide da foretatt eit subjektivt valg med hensyn til korleis vi ser livet fortone seg foran oss. Dette går på alt fra valg av bestemte typar av tv program til fasinasjonen for ordet "fasinasjon" i eit blogginnlegg.

Poenget er at ingen kan fullt ut forstå verda, men i enkelte tilfeller klarer vi likevell å forklare deler av den. (eller rettare sagt: fleirtallet av verdas befolkning einast om den) Inger Bentzrud ser i sin anmeldelse filmen ut i frå sin eigen sosiale, kulturelle, økonomiske, osv posisjon i verda (som eg no gjer med dette innlegget). I følge ho er filmen problematisk då den ikkje serverar nokon svar som er med på å forklare kvifor skulemassakrar skjer. Det kan virke som ho meinar at filmar som ikkje har eit utprega, klart definert bodskap, er mindre verdt en filmar som har nettopp dette. Men er dette nødvendigvis tilfellet?

Korleis kan egentlig ein film forklare oss kvifor unge gutar fyllar ranselen sin med store våpenarsenal og dreper tilsynelatande tilfeldige (men sikkert ikkje) skulekameratar? Det blir nesten som å spørje kvifor eg i natt drøymte om å ta livet av ein veldig god venn av meg på ein svært bestialsk måte, sjølv om eg innerst inne kjenner meg sjølv som svært anti-voldelig og har absolutt ingenting å utsette på vedkommande, tvert i mot. Kvifor har eg slike tankar? (husk å legge av ein åpen plass her for kommentarer om kor masse tid eg har brukt på voldelige pc spel ala max payne og hitman + at det er stor forskjell mellom det å tenke og handle)

Gus van Sant har valgt å presentere ei slik episode utifrå argumentet om at han sjølv ikkje fullt ut kan forstå slike hendingar. Det han vil er å oppfordre til debatt framfor å trekke bastante slutningar. Derfor gjenspeilast dette og i måten han utformar sin filmteknikk blandt anna ved å veksle mellom ulike perspektiv (ulike personars synsvinkel), og ved å framstille karakterane som komplekse individ med forskjellige motiv for handlingar. Dette betyr muligens at publikum "fritt kan shoppe mellom mulige motiver" (som er Bentzrud si slutning), men samtidig treng ikkje det være tilfellet. Ein slik jakt etter eit endelige bodskap kan nok tilfredstille visse delar av publikum medan andre igjen forkastar ein slik tanke. For det er eit poeng at mennesket ikkje alltid handlar ut i frå logiske årsaker, og at handlingar er styrt av subjektive motiv som kanskje aldri blir kjent for andre enn personen som handlar. Dette veit så klart Bentzrud også. (antakeligvis) Det som skiljar mitt synspunkt frå det ho gjev til kjenne er at eg har ingen ambisjonar om å klare å forstå kva som ligg bak ein skulemassakre, eller å finne dei "klare svar". Her kan det innvendast mot meg at eg prøver å mystifiere gjerningsmannen og ikkje forstår at endelause år med mobbing eller Hitler propaganda kan få ekstreme følger seinare.

Godt mulig det, men tenk likevell over kva som hadde vært konsekvensen viss denne filmen forsøkte seg på enkle årsak/virknings argument. Konklusjonen kunne da kanskje blitt at "store mengder av voldelige tv program kombinert med alkoholholdige drikker medfører mulige gjerningsmenn i ein skulemassakre og bør derfor forbys". Altså at den totale avskaffelsen av slike farligeheiter (sprit og tv vold) ville ført til at massakrar som den på Columbine aldri vil hende igjen. Er dette sannsynelig? Tvilsomt

La meg heller avslutte med å seie at eg egentlig ikkje har peiling. Likevell blei det ganske langt det her. Kanskje på tide å kjøpe meg kinobillett.








onsdag, desember 10, 2003

 
Kom over ein fin-fin kampanje som DU (den respektable, godhjerta og flotte personen du er) kan skrive under på. Sjå innlegg fra 5 Desember viss du vil ha fleire snertne argument.



mandag, desember 08, 2003

 
FRANKEN TAR OPP KAMPEN

hører på: ingenting bortsett fra salige hyl fra undulaten Ivar

Snart er det på tide å komme seg ut av Bjørgvin og rette snuta mot min kjære heimplass. Jula skal eg tilbringe saman med denne karen her. Denne litt merkelige mannen er den amerikanske satirikaren Al Franken som med si nyaste bok Lies and the Lying Liars who tell them harver laust på den radikale høgrefløyen i det kvite hus, tv kanalen Fox og andre bigots and scumbags of the american right (kan vi lese på vaskeseddelen).

Første gang eg hørte om Al Franken var da han var gjest hos David Letterman for eit par månedar sidan i samband med lanseringa av denne boka. Det merkelige med intervjuet var at innholdet i Liars knapt nok fikk plass i samtalen etter at Letterman hadde kjørt sitt vanlige løp og pressa inn tåpelige spørsmål om rare franskmenn (det skrekkelige french fries vs freedom fries oppstyret). Men at mannen hadde gitt ut ei politisk bok, og blitt saksøkt av Robert Murdoch sin elendige tv kanal på grunn av radikale ytringar klarte eg å oppfatte. Når eg seinare fant ut at Franken hadde vært skribent og produsent for ein rekke fantastiske program blandt anna Saturday Night Live og Politically Incorrect måtte boka anskaffast.

Boka har over lengre tid vært på toppen av salgslistene i USA, og i dagsavisa Ny Tid er det ein interessant artikkel om det stadig aukande salget av venstreorienterte bøker i landet. Gamle kokebøker og livsstilslektyrer har mista sin glamour, amerikanerne ønskar tydeligvis litterære slagspark mot den beståande makta. Slike ting varmar eit kynisk hjarte.

Så får man håpe då at boka ikkje visar seg å være ein stor skuffelse. Forhåpentligvis skriv Franken litt bedre en Michael Moore som på tross av gode meiningar og eit tydelig engasjement, blir litt plagsom då han i beste fall må reknast som ein middelmådig skribent.



fredag, desember 05, 2003

 
JULEFORTELLING OG NAMEDROP AV KAFKA

Lytter til: Joe Strummer and the Mescaleros - Coma Girl

Titt og ofte velger mennesket å konfrontere den eksistensielle tåka som innhyllar våre liv. Dette skjer gjerne på den 24 dagen i desember månad. Bak den enorme marsipangrisen står Jesus og vinkar oss inn i himmelvelvet. Vi messer i kor...tilgi oss for våre synder, gi oss i dag vårt daglige brød....thy death shall not be in vain. Denne dehydrerte seansen er så klart eit narrespel som skal gi oss bedre samvittigheit før vi veltar oss i gaver strikka sammen av søte småunger i Burma og Kazakstan. Religionen og kapitalismens smådjelvar går hand i hand på denne vakre desemberdagen dansande på limbos krins. Rattus economicus er vårt navn. Dette er ein oppfordring om å skilje ut det religiøse aspektet fra julaften og for ein gongs skuld vise vår sanne natur. Det vi virkelig ønsker er å sette vårt navnetrekk på flest mulig verdslige produkter, ikkje å forankre vår bevisstheit i religiøs mumbo-jumbo.

Dette var ein digresjon. Så klart meinar eg ikkje dette så sterkt. Forsåvidt har eg ikkje eingang planlagt gangen i dette innlegget, reint bortsett frå at det skal handle om julaften og blogging. Men at kristendommen ikkje lenger står i fokus den 24 desember er for meg opplagt (ikkje ein radikal tanke eg veit) Det kan være nyttig å påpeike at eg på ingen måte er ein religiøs person, sjølv om eg synst dei ti bud er riktig søte levereglar. Faktisk kjenner eg få praktiserande kristne, noko som kanskje er synd då eg faktisk trur det er mange fornuftige av dei. Vi lev i ei verd der medmenneskeligheit er ei mangelvare, livet er eit endelaust mørke, tven er vår mentor og muslimer er vår fiende. Dette er ein elendig situasjon å leve under, men likevell er det det vi trakter etter. Om det vi treng i livet er innsyn i religiøse verdiar eller ein fadderlig hand å holde i veit eg ikkje. Det er egentlig ganske vanskelig å kjenne andre enn seg sjølv.

Likevell vil eg påstå at ein ikkje bør ha eit ureflektert forhold til det "gode" som kirka faktisk har potensiale til å representere. Dette betyr ikkje at ein uansett skal ti stille og utvise lydigheit når den vise prest forkynnar (kristendommen har store forbedringspotensialer uten tvil), men at vi for ein gongs skuld bør ta til oss den nestekjærleiken den forsøker å framvise og ikkje glupskt og grådig kaste oss over juleribba. Her bør eg kanskje legge til at siste setning blei litt rar fordi det er vanskelig å snakke konkret om slike verdiar som ikkje er pengar. (faktisk endar alle mine argument opp med at eg tvilar på alt, klarer ikkje sjå fornuften i det eg skriv og forkastar det som det reinaste vås - ikkje at eg skal late som eg er ein lidande kunstnar type ala Kafka)

Vel vel når det er ute av systemet kan eg bytte tema. Eg har nemlig lyst å fundere litt over denne formen for nettkommunikasjon som eg no bedriv. Det er så klart mange måter å skrive blogg på der den enkelte må finne ut kva ein føler passer for seg. Denne cowpunkbloggen min er ikkje tiltenkt å være ein dagbok der eg brettar ut alle mine daglige gjeremål for tilfeldige nettsurfere som sannsyneligvis aldri vil møte meg (men liksom skal kjenne meg gjennom bloggen). Den type narcissisme får andre bedrive, dessutan ville språket mitt då blitt så rotete, fullt av paradokser, og så lite gjennomtenkt at ingen ville hatt interesse av det (viss du ikkje hadde vært interessert i mitt forsøk på å formidle tankeflommar rått og ubehøvla kjapt ned på sida for å gi bloggen eit "ekte" preg). Der ser du. Inne i desse parantesane finn du ting som ikkje passart orntlili inn i setningar og derfor står ensomt aleine.

Nettblogging er for meg ein likgyldig aktivitet på mange måter. Eg skriv når eg følar det er noko som er verdt å seie. Forvent ikkje daglige oppdateringar og heller ikkje eit stiligare design på sida. Sjølv om kombinasjonen av oransje, grønt og blått gir bloggen eit useriøst sirkuspreg kan det nok hende at eg kjem på noko smart med tid og stunder. Kanskje til og med før jul.



torsdag, november 27, 2003

 
MÅNEDENS MUSIKKANBEFALING



Her er to plater som eg meinar alle burde ha.

Denver Gentlemen - Ein finfin blanding av østeuropeiske toner, country, khlezmer, rockabilly og swing. Plata introducing.. er muligens ikkje den enklaste plata å få fatt i då bandet ikkje synast å være så opptatt av å markedsføre musikken sin. Har sett den til salgs på E-bay men da til usmakelige prisar. Min kopi fikk eg på HMV til den nette sum av 150 inkludert frakt. Det positive er at plata muligens får ein nyutgivelse tidlig i 2004 samtidig som bandet utgir sitt andre album. Begge platene skal visstnok bli lagt tilgjengelig for salg på heimesida til bandet i januar (får oss håpe). Der kan du og få høre ein litan medley av eit par låtar fra det nye albumet.

Whipping Boy er eit irsk band som leverer varene. Musikken kan være hard, skranglete og ganske mørk, men bak denne tristessen lusker det herlige popmelodier som få har klart å gjenskape. Vokalist Ferghal McKee viser unike poetiske egenskaper på denne plata og kombinert med si usedvanlige mørke røyst blir dette eit vakkert bekjentskap for alle som har en forkjærligheit for indierock. Løp og kjøp (eller sitt stille og kjøp den på nettet. Denne plata er sjelden kost i norske platebutikker)




onsdag, november 12, 2003

 
IRONI GENERASJON X

Definisjon av Ironi: Kunsten å snakke dritt fordi du ikkje meinar det.

1 påstand: Ironi er ungdommen sitt språk:

- ja på mange måtar er det vel det. På grunn av ein enorm kunnskapsmangel blir ironien eit viktig redskap for å mystifisere vår generelle ignoranse. I staden for å gå inn i brysomme diskusjonar om viktige tema velger vi å ufarligjere situasjonen ved å jamre høglydt at "dette var jammen interessant". Vi håpar sjølvsagt at dette skal gjere susen og avslutte debatten

2 påstand: Ironi er farlig det:

- Det kan være farlig fordi det på mange måtar fungerar som eit anti-språk. Språket er blant anna kjenneteikna ved ein nesten tilfeldig referanse mellom det uttalte ord og ordet si primære betydning. Problemet er at denne referansen er fullstendig utan verdi, dvs det har ingen funksjon utover å være komisk. I motsetning til sarkasmen som har muligheit til å utøve kritiske synspunkt, blir ironien eit fullstendig tomt språk. Ironiske mennesker vil gjerne framstå som både velukka og veltalande, men samtidig må ein huske på at desse menneska neppe har foretatt ein sjølvstendig vurdering i heile sitt liv.

3 påstand: Ironi er ein motreaksjon på vår standariserte språkform

- feil, dette impliserar at ironien tek standpunkt til den normale språkform noko den ikkje gjer. I den ironiske ordboka kan man lese at meiningar er forbeholdt dei eldre. I 2003 har det derimot blitt "kult" å ikkje meine ein tøddel om nokon ting. Man kan derimot komme med påstandar som tilsynelatande uttrykker ein gjennomtenkt tanke, men kun viss alle tilhøyrarar er klar over at dette er eit bedrag, ei "skinnmeining" og let seg forføre av den glitrande spøken. På mange måtar har ironien blitt ungdommen sin nihilisme, korkje betre eller verre. Begge medførar ein falsk bevisstheit om den virkelige verda og produserar på lang sikt unge frustrerte menn og kvinner.

spørsmål: Ironi, kven har skulda?

- så klart kjem vi ikkje utenom gjengen på central perk. Eg snakkar naturligvis om tv serien Friends der vi ser våre forbilder klamre seg til ironien i eit forsøk på å skjule sin bedrøvelige tilvære. Viss man er tilhenger av konspirasjonsteoriar sånn som meg kan ein spørre seg om ikkje ironien blei oppfunnen av produsentane av "venner for livet" i det formål å passivisere ungdommen. Spørsmålet dei stilte seg var muligens. Kva er den soleklare faktoren som gjer at vi kan produsere søppelet vårt i 7 sesonger utan at folket krevar kvalitet? Svaret var naturlig nok at Irony is the new brand og venner for livet blei født.

endå eit spørsmål: Er dette eit ironisk innlegg?

- Godt spørsmål det der. For å være ærlig klarer eg ikkje svare på det. Eg har sjølv blitt overironisert og klarer ikkje tenke årntlig.



mandag, november 03, 2003

 
PÅ TIDE Å BLI PERSONLIG

Det ligg ei trist tid og ventar på oss. Eg snakkar ikkje om ein døden (jau, egentlig gjer eg vel det metaforisk sett), men om den nye utviklinga på videomarknaden. No er det snart slutt på det gode og gamle VHS formatet.

Kva er det så vi har i vente. Revolusjonen innanfor moderne digital teknologi?. Beviset på at mennesket kan bestige alle verdens tindar? Produktet som tek oss med inn i ein virtuell verden fullt av muligheitar, der ordet fiasko ikkje står i ordboka?

NEI. Det vi får er ein urimelig erstatning for våre kjære videokassettar. Denne cd-lignande saken som visstnok kallast DVD og som skal gi oss større valgmuligheitar som forbrukarar kan dra seg langt pokker i vold. (Vel egentlig ikkje, det finnst så klart eit par fordelar også men sidan bloggen min er kjenneteikna med bastante ytringar let eg utalelsen stå i fred) Dette er min hyllest til VHS:

Det blir nok eit stort savn for alle oss som har vokst opp med film på bånd. Teknologien har tatt livsgleda frå oss med det samme (lun litterær referanse). Uungåelig vil nok mange hevde. Tragisk vil nok fleire jamre. Eg plasserar meg då i sistnevnte kategori.

Kven kan ikkje huske sitt første møte med ein videomaskin, eller uk no sakse stain som man kalte det i gamle dager. Vi følte oss nok alle som huleboarar når vi prøvde å få dreisen på kva dei merkelige ikona fast forward og rewind kunne bety for noko. Men med litt ungdommelig pågangsmot klarte vi i felleskap å løyse den store gåta og ein ny era var i gjenge.

Min første VHS film var ein tøff ungdomsfilm som eg ikkje huskar navnet på (trur det var Viper men eit kjapt søk på imdb førte ikkje fram). Filmen handlar om ein høgteknologisk sportsbil som på eit merkelig vis har fått fri vilje. Bilen bedriv dagane med å kjøyre på uskuldige mennesker, henge på den lokale bensinstasjonen og bruke hornet på kvinnelige medbilar. Etterkvart fikk eg litt meir sofistikert smak (var nok kanskje alderen som førte til det) og filmen Convoy kom som ein åpenbaring. Kris Kristoffersen var blitt helten min. Filmen gav meg ein fin leksjon i den anti-autoritære holdninga som fortsatt pregar meg den dag i dag (hm..).

Uansett. Det unike med VHS var den store coverboksa som filmane låg i. Denne store håndgripelige plastovertüren kunne vi kaste med stor presisjon fram og tilbake mellom stolseta utan å være redd for at den skulle gå i stykker. Det var jammen ein fryd å sjå om vi og kunne kaste den bak ryggen til ein kamerat som prøvde å ta den mot med augo lukka. Kva har vi så no?. Ei puslete lita bokstøtte som står i fare for å smuldre opp med så lite som eit kaldt vindpust.

Aldri skal vi kunne kaste igjen....

Eg sluttar av med den småsentimentale setninga (også eit godt retorisk grep då dei tre etterfølgande punktuma sett lesaren i djupare kontakt med min nostalgiske tankestøm. Lesaren spør seg kanskje: Vil arild nokon sinne komme over tapet av sitt hjertbarn VHS kassetten? Bør ikkje vi alle kjempe for våre barndomsminner og forhindre teknologien frå å utviske våre innerste kjenslar...)

LEVE UK NO SAKSE STAIN



tirsdag, oktober 21, 2003

 
LORD, TAKE MY SOUL BUT THE STRUGGLE CONTINUES!

I dag blei eg overfalt av ein representant for Shell som ville ha meg til å skifte strømleverandør. I tillegg til reint moralske aversjonar mot å skifte til Shell (som du kan få kjennskap til her og her) lokka han i tillegg med eit gratis lodd der eg kunne være med i trekninga om 3000 kroner. Hipp som han var hadde han på forhånd regna ut kor masse ekstra øl eg då kunne drikke ved å benytte meg av deira tjenester.

Er dette måten vi skal manipulerast til å bli Shell kundar? Med lovnader om eit lykkeliv på puben og draumen om å vinne storgevinsten i lotteriet. Til helvete med Shell sine falske illusjonar om lykke og fortjeneste. Selskapet deira har gjort seg store på bekostning av andre. La gå om Fjordkraft ikkje er den billigaste leverandøren, hos dei har eg i alle fall god samvittigheit når eg betalar strømregninga.

 
AV ALLE IDIOTISKE PÅFUNN

Her om dagen blei den amerikanske kronidiot David Blaine heist ned på bakken etter 44 dagar uten mat. For dette avskyelige stuntet fikk Blaine rikelig med dollars inn på konto.
Gratulerer Blaine, du er ein hederskar. I ei verd der millioner av mennesker lid av underernæring valgte du altså å sette deg til utstilling i eit bur over Themsen , utan å tilføre kroppen anna en litt væske i ny og ne. Hungersnaud er tydeligvis blitt god underholdning..

Er det mulig å melde seg ut av samfunnet?



lørdag, oktober 18, 2003

 
NAZI BAND PÅ HULEN?

6 november opptrer bandet Death in June på Hulen i Bergen. Bandet er svært omdiskutert på grunn av si lefling med nazistiske symbol på plateomslag og på scena. Antifascister i bergen krever at konserten blir avlyst, mens Hulen på si side ikkje vil sensurere det dei meiner er retten til kunstnerlig friheit.

Og eg veit jammen ikkje kva eg meinar. Er det mulig å ta avstand fra nazismen samtidig som man forsvarar at dette bandet går på scena den 6 november? Kanskje.

For det første er det fortsatt stor uenigheit om kvar bandet står i forhold til nazismen. Enkelte hevdar at bandet kun er fasinert av det estetiske rundt nazismen (tyske SS uniformer o.l) , og at death in june ikkje har tatt eit ideologisk standpunkt. Andre hevdar at bandet gjennom bevisst bruk av nazistisk propaganda faktisk gjer folket ein tjeneste, då hensikta er å få folket til å tenke sjølv. Ein slags quasi reflekterande og distansert betraktning til nazismen og det det representerar gjennom musikken?. Spørsmålet er om det er dette publikum held på med mens dei tyllar i seg billge pils. Denne refleksjonen kunne dei vel kanskje gjordt andre plassar, f.eks på biblioteket?

For det andre vil nok dei fleste av oss ikkje dukke opp på denne konserten. Håpet er at ingen i min omgangskrets (og heller ingen andre) beveg seg i nærleiken av Hulen denne kalde november-natta. Målet må være minst mulig publikum på konserten.

For det tredje må antifascister tenke over at bruk av vold i dei alle fleste tilfeller vil gjere situasjonen verre en den opprinnelig var. Kven skal få smake neven, publikum eller bandet?. Nei huff, det fører ikkje fram.

For det fjerde har vi den forbanna ytringsfriheita som gir mennesker med ulike verdenssyn muligheit til å rense stemma og harve sitt budskap over oss. Det er derfor problematisk viss vi sett oss sjølve som "moralske vokterar" på toppen av den moralske rangstigen medan vi spyr ut fordømmelsar mot dei usle nazistane og nektar dei å sleppe til å være høgverdige forum. Som sagt, dette er eit vanskelig spørsmål.

For det femte trur eg ikkje nazistar fra heile Norge kjem putrande med små volkevogner for å sjå dette bandet og ei heller at det i framtida vil bli fleire nazistar på hulen på grunn av dette.

Så sjølv om eg tvilar anbefalar eg likevell at bandet får spele på Hulen den 6 november (viss alternativet kun er å avlyse konserten).

Men for deg som publikum anbefaler eg at du boikotter heile skitten.



mandag, juli 21, 2003

 
OM SOMMAREN PAA GOLVET aka OSS PROLETARAR I MELLOM

På grunn av stusselig internett-hastigheit i Ørsta har bloggen min stått relativt uberørt dei siste sommarmånader. WWW har blitt www og knapt nok det. Likevell vil det være uhumskt av meg å ikkje gi ein oppdatering av korleis livet på dei sunnmørske strøk har fortona seg.

Eg jobbar no på Helkama Grepa i Ørsta. Denne bedrifta lagar komfyrer som dei eksponerar fraa Norge, austover til Finland og Russland, men svingar seg og over på det Italienske markedet. Kanskje har du og ein steikeovn som er produsert i Ørsta? Uansett, her har eg altså blitt arbeidar. Her går jobben min ut på å "stanse" hull i stålplater, lage brett på festeholdarar, dreie kosten rundt maskinene, lage små pakkar beståande av plate + tre stålrister og sende til neste mann, i tillegg til masse meir eller mindre (altså mindre) krevande muskelarbeid.

Maskinene vi bruker ser ut som tvilsomme etterlevningar frå andre verdenskrig og ville fungert som ypperlige torturredskap viss man er interessert i denslags. (blandt anna har vi den store blå maskina som hamrer fast stålet med 6 tonns trykk før kniven kjem ut og tar ein 360 graders skjæreaffære rundt det overflødige stålet). Grøss og gru om man ikkje tek vekk handa i rimelig tid.

 
Sommartider hey hey, sommartider.



fredag, juni 06, 2003

 
OM AVSTEMMINGAR

Ofte er det vanlig at aviser vil ha oss representanter for folket til å avgi stemmer i meir eller mindre høgtidelige avstemmingar. Dette er gjerne kåringar av typen: "Er Usa den store stygge imperialistulven i verden i dag", eller spørsmål som "Bør John Carew spele spiss mot Danmark i parken". Svaralternativa er som regel begrensa og gjerne redusert til enkle ja eller nei svar. Når avisa summerer opp dei gitte stemmene har dei altså belegg for å hevde at Usa er ulv og Carew er spiss, fordi folket bestemmer og man bør lytte til folket av demokratiske årsaker. Slike kåringar er sjølvsagt det reinaste viss-vass om man ser det i forhold til eit snev av vitenskapelig standard.

For det første vil dei svara som Ola Nordmann gir være sterkt prega og influert av måten journalisten har vinkla saken. Ved å la bestemte kilder sleppe til og andre ikkje er det klart at man ikkje kan få en reel debatt der ulike stemmer deltar på lik linje i polyfonisk sameksistens. Det synet som dominerer artikkelen vil i 90 % av tilfella være det synet som lesaren gir uttrykk for er det riktige. For eksempel om John Carew scorer 4 mål i en kamp for Valencia og uten skam seier at han er Norges beste spiss og sportsjournalisten bruker ord som "fabelaktige scoringer, geniale finter, tunneler og hælspark", er det liten tvil om at det lett påvirkelige folket vil la seg overtale til at Carew er beste spissen i Norge og i alle fall bør spele mot Danmark viss ein slik undersøkelse er eit par tastetrykk unna. Men sportsjournalisten unnlater kanskje å nevne at Carew dei siste ti kampane har gått mållaus av bana og vært valencia sin dårligaste spelar gjennom heile sesongen. Ein slik vinkling ville nok fått drastiske følger og i allefall tvinga lesaren til å vurdere situasjonen med nye briller. Dette ville fordra tankevirksomheit hos lesaren og det er det som bør være målet.

For det andre er det idiotisk å framstille verda i enkle svart/kvitt billeder. Eg tenker naturligvis på dei enkle ja/nei svara som nettavisene har blitt så glad i å bruke.I slike avstemmingar har du eit valg, enten ser du usa som ein stor stygg imperialist ulv eller så ser du ikkje på usa som ein stor stygg imperialstulv. Det finnast ingen andre alternativer å velge i. Både-og holdning er eit onde i slike sammanhengar fordi det krevar ein meir inngåande debatt akersgata ikkje ser seg ansvaret verdig.



torsdag, juni 05, 2003

 
YTRINGSFRIHEIT

Eksamen er over og det gikk rimelig bra trur eg. Konseptet med å skulle hoste opp eit halvt års kunnskap på tre-lags papir inne i ein svett turnhall er glimrande, ingen hemsko for meg. Dette er likevell ikkje tema for dagens blogg, for det finnast viktigare ting i verda enn eksamenar. I dag kunne vi lese at telenor ikkje vil forhindre utenlandske grupper å sende politiske budskap over norske kortbølger. Selskapet henvisar sjølvsagt til den flotte ytringsfriheita vi har i landet og hevder at sjølv hardbarka terroristar har livets rett. Dette er så klart eit ypperlig standpunkt. Er man for total ytringsfriheit innebærer det at man tilater syn man er uenig med, dette innebærer og syn man blir fysisk kvalm av å høre på (f.eks Kvit Valgallianse sitt forslag om tvangsterilisering av utlendingar i norge). Nei la nå desse terroristane få bruke våre ypperlige radiolinjer til sin propaganda på lik linje med Bondevik sin anti-abort propagandhi og Kjell Røkke sine budskap om den stolte nordmann som går fra raggsokkar til riksokkar ved hjelp av hardt arbeid og pågangsmot. Alle har historier å fortelle.

Ellers så tenker eg det er veldig paradoksalt at The Simpsons fortsatt går på tv kanalen Fox i usa, ein kanal mest kjent for sitt tabloide humør og idiotiske nyheitsendingar. Serien er nettopp ein harselas med det stupide samfunn der menneska vandrer i uvitenheit fylt til randen med elendige såpeserier og forfengelige tv reportasjar. Fox kan neppe skjønne den ironiske vinklinga som denne geniale serien har gjort til sitt varemerke. Er det ytringsfriheit som her står i fokus her også kanskje? (du kan og lese den fasinerande historien om kvifor det kallast soap-opera og litt om såpe generelt).



torsdag, mai 29, 2003

 
OM Å OPPDAGE SAMMANHENGAR

I Bergens Tidende 24 mai kunne vi lese at Åsane fotballklubb vil sende trenarkoordinator og ex brannspelar (?) Gunnar Norebø til Eritrea for å studere treningsmetodene i dette aust-afrikanske landet. Her blir barn allereide frå sjuårsalderen satt i knallhard trening for å utvikle seg til komplette fotballspelarar med styrke, teknikk og hurtigheit. Yohannes Goitom er oberst i den eritreiske hær og har på grunn av sammarbeidet med åsane komt til Norge for å holde treningar med lokale talenter fra bergen og omegn. Her er ei lita omskriving (tolking) av det Yohannes fortalte til Bt ” Norske unger er slappe, ikkje som i Eritrea der barn må holde seg i fysisk aktive frå dei er bitte små”.” Norske 15-åringer er i mindre fysisk og teknisk utvikla som våre 8 åringer” Ganske arrogant type altså.

I Bergens Tidende samme dag kunne vi i utanriks seksjonen lese at Eritrea er å regne som eit av verdas verste diktaturer. I følge forskar og Eritrea ekspert Kjetil Tronvold er det eit land prega av hungersnød med bortimot 80% av landet avhengig av matvarehjelp. President Afeworki er visst nok ein lømmel som si maktperiode har kvitta seg med politiske opponentar gjennom fengsling eller gjennom mystiske forsvinningar. Den eritriske hæren er lojale mot sin overordna og hjelper gjerne til når torturkammeret treng oppussing. For å seie det sånn: dei har neppe råd til å la være.

Her ser vi altså korleis to saker som i stor grad omhandlar samme tema, ureflektert blir skilt frå kvarande av journalistane i BT. Den eine tilhøyrer sportsidene og har ein lettfattelig og folkelig språkbruk, medan den politiske kommentaren har ein beskrivande og opplysande språkbruk. Ja vel tenker sportsredaksjonen, det kjem ein soldat til til landet vårt som skal innføre sine nasjonale treningsmetoder blandt norske guttungar. Ingen problemer. Kanskje vi då med tid og stundar kan få eit landslag å være stolte av eller eit åsane i øverste divisjon. Utanriksredaksjonen tenker i litt andre baner. Både i stil og innhold er dette i god gammal bt tradisjon å sette fokus på urettferdigheit. Hovudønska for den venstrevridde journalisten (muligens) er å skape nok blest eller debatt rundt temaet slik at ting endrar seg i Eritrea for dei som no lev under kummerlige forhold.

Kvifor blir ikkje dei samfunnsmessige forholda i Eritrea drattt med i sportsartikkelen? Eller for å snu det, kvifor blir ikkje det sportslige tiltaket til åsane dratt med i utanriksartikkelen.. Kvifor er det ikkje samsvar mellom det som står på side 14 og det som står på side 30. Eg meinar det burde vært det Vi har en soldat fra eit diktatorisk land som har begått forbrytelsar mot eit heilt folk (ikkje nødvendigvis frå Yohannes Goitom personlig, men det han representerar). Vi lar han komme til Norge fordi vi vil etterligne dei metodene som han ser mest hensiktsmessig. Dette høyrast litt makabert ut. Er det ikkje journalistane si viktigste oppgave å være granskande, og søke etter sammanhengar uansett kva felt dei har spesialisert seg i? Her bør det være eit visst sammarbeid mellom dei ulike seksjonane i avisa. Og endelig redaktøren som sitt med det endelige ansvaret for det trykte produktet har tydeligvis ikkje følgt godt nok med i timen i dette tilfellet.





onsdag, mai 28, 2003

 
SMAK KAN IKKJE DISKUTERAST; DETTE ER BÅNN I BØTTA

Hurra, det er onsdag og det betyr så klart ny filmliste. I dag vil eg snu litt på flisa og hetse dei filmane som eg meinar ikkje held mål, sjølv om tusenvis av mennesker vil være uenig med meg (vil eg tru). Dette er filmar man høyrer godord om på trikken, på gatehjørnet og i butikken, men eg lett meg ikkje lure. Dette er søppel av ypperste merke. Eg gir dykk difor:

LISTE OVER DEI TI MEST OVERVURDERTE FILMANE SISTE 36 ÅRA

1) LORD OF THE RINGS (begge to)
2) MATRIX (sikkert begge to, har kun sett den første)
3) PLANET OF THE APES (Måtte du gjere dette Tim Burton?)
4) THE FIFTH ELEMENT (sovna på kinoen - våkna av hyperirriterande Chris Tucker)
5) NATURAL BORN KILLERS ( idiotisk voldsfilm)
6) THIN RED LINE (zzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzzz)
7) THE GREEN MILE (so sentimental og so dårlig at man får brekningar)
8) CAST AWAY ( Jada, kult når flyet krasjar, men gjer det dette til en bra film?)
9) E.T ( Til å grine av)
10) COOL HAND LUKE (hæ, og denne er på topp 200 i IMDB)

Eg gidd ikkje eingong å linke desse filmane

Men kom gjerne med kommentarar :)

 
7 dagar til eksamen og eg åpnar knapt bøkene. Kanskje er dette ein god taktikk, kanskje er det en dårlig en, i alle fall er det en ny taktikk. La oss legge all skyld på Isak som presenterte meg for Counter Strike, eit ganske idiotisk men likevell svært vanedannande kill em all type spel.



torsdag, mai 22, 2003

 
TERRORTANKAR OG ANDRE OLJETANKAR

Norge har plutselig og ganske uventa komt i verdas søkelys etter at Ayman al-Zawahri aka "Dr død" vil brenne bakken vi står på. Spekulasjonane om kvifor Norge plutselig har blitt Al Quaida sin 4 verste fiende går vilt for seg både i norske og utanlandske media. Enkelte har sikkert allereide planlagt hermetikkinnkjøp og testa om kjellaren kan ombyggast til bomberom, andre ser dette som ein legitim grunn til å sparke "Norske" muslimar ut av landet, medan atter andre er regelrett stolte over at norge er tatt med i det gode selskap.

Dette er kva eg syns:

ARILDS TI BUD

* Vi bør aldri meir produsere/selge krigsmateriell til partar i krig.

* Vi bør aldri delta med styrkar i krigsoperasjonar (humanitært arbeid er det einaste legitime)

* Vi bør presse Statoil og Hydro til å stanse oljeutvinning i f.eks Angola, men og i andre land der oljepengane våre er tilgrisa med blod og testiklar.

* Vi bør presse Herman Friele til å stå til ansvar for det barne og slavearbeid kompaniet hans står ansvarlig for..

* Vi bør fortsette å være fredsmeglarar i verda, men gjere det klinkande klart at vi er nøytrale i alle konfliktar.

* Vi bør auke bistanden til u-land

* Vi bør aldri stemme fram ei regjering der Høgre og Frp setter dagsorden i politikken

* Vi bør alltid ta parti med dei svakaste både i norge og i utlandet

* Vi bør aldri være so nasjonalromantiske at vi ikkje kan kritisere nasjonen og våre handlingar

* Vi bør igjen ALDRI DIREKTE ELLER INDIREKTE DELTA I KRIGSHANDLINGAR

Kun ved å følge desse buda kan vi som nordmenn ha god samvittigheit og unngå å komme med på "Dr Død" si liste.



onsdag, mai 21, 2003

 
OPPSUMMERING AV MEDIAFAGET

Vi som går på medievitenskap grunnfag har blitt bedt om å gi ein evaluering av vårt første år, eller halvår på dette faget. Sidan vi er første kullet etter den nye kvalitetsreformen tok til kan eg godt forstå at dette er viktig informasjon. Medie-professorane og andre tilsette ved instituttet vil gjerne vite kva som har blitt gjort feil, kva som kan forandrast på, men og kva som var det kjekkaste og mest lærerike ved faget. Dette er så viktig at eg velger å dele mine synspunkt her på bloggen med eit vidare publikum. Litt spøkaktig kan vi til og med hevde at det er i "Offentlighetens interesse" å høre nettopp dette.


Positivt:


* Har spasert inn eit fint sosialt miljø. Her har det både blitt fagfestar og quizlag. Gode vennar har eg og fått. (indirekte takka være fakultetet som slengte meg inn på faget
sjølv med 3.0 i snitt frå gymnaset)

* Synast vi har hatt gode forelesarar, særlig Tone Kolbjørnsen og Jostein Gripsrud får toppkarakter av meg. Kolbjørnsen har ganske ufortjent fått en del
peppar fordi ho så ofte snakka om sitt privatliv under forelesning (om sine søte små barn). Men herre jesus, det må ho vel få lov til. Eg er for mødre.
I alle fall er det bedre enn Østbye sine monologar om ekslusive brødsortar (som han alltid vil bruke litt ekstra kroner på)

* Medievitenskap er eit interessant fag med mange tankevekkande teoriar, Habermas er nevnt tidlegare genial, men og Sigurd Allern sin artikkel om kiIdebruk i norske media er verdt å ta med her.


Negativt:


* Generelt dårlig informasjon om det meste.

* Når skal vi levere oppgåve, kor mange eksemplar skal leverast?.(Får aldri svar på e-post og dama på institutet er heller ikkje særlig snakkesalig. Ho er
forresten eit kapitel for seg sjølv, men eg skal ikkje gå nærare inn på det i tilfelle ho er fast lesar av bloggen min).

* Korleis blir opplegget med eksamen, er det 3 oppgåver og vi skal skrive to av dei? (dei nekta å svare på dette, skal være ein overrasking til
svette studentar med eksamensnervar)

* Skal det være punktum etter spørsmåltegn?. (Har ikkje fått svar på i dette faget)


Men eg skal ikkje klage. Stort sett har eg hatt det fin-fint.



mandag, mai 19, 2003

 
Hører skumle rykter om at det ikkje går å kommentere når man bruker Internet Explorer. Er dette riktig?

 
Her kjem listene

Både før og etter High Fidelity kom på kino har eg hatt stor glede over å lage lister. Veggen i Stormsgate 5 har til tider vært prega av alt frå topp-50 låter gjennom tidene til 5 beste uavhengige brasilianske filmskapere i alderen 23 til 29 som opprinnelig kom frå Costa Rica. Eg får liksom ein følelse av storheit når den endelige lista er ferdig og resultata er tilgjengelig til lyst og skue for alle som bevegar seg i retning det tomme kjøleskapet. "Slike ting gjer livet verdt å leve" som Ibsen kanskje ville sagt om han var i live og ikkje døde for lenge sidan. Ditto Henrik, eg er så enig. Difor vil eg heretter pryde bloggen min med, ja du tippa det lister. Først ut er kategorien 20 beste filmar gjennom tidene. Filmane vil bli plassert i tilfeldig rekkefølge, då rangering av desse ville vært slik ein prøvelse at eg neppe kunne regne med å bli ferdig før sommarferien er over. Here we go

1: Shawshank Redemption
2: La Cité des enfants perdus
3: Eraserhead
4: Ladri di biciclette
5: Bowling for Columbine
6: The Trial
7: Magnolia
8: East of Eden
9: The Rope
10: Who`s afraid of Virginia Woolf
11: 3,14
12: Down by Law
13: Manufacturing Concent
14: Dr Strangelove
15: The Straight Story
16: Midnight Cowboy
17: Buffalo 66
18: Fitzcarraldo
19: Planet of the apes
20: It`s a wonderful life

Det er lov å kommentere.



søndag, mai 18, 2003

 
IDOL

Snart er det finale i idol. To vakre guttestemmer i durabelig konkurranse om millionkontrakt og et popstjerneliv i sus og dus. Favoritten er sjølvsagt rørlegger Kurt som er den beste vokalisten, men Gaute har derimot tasteglade ungjenter på sitt lag. Problemet med idol er uansett at vinnaren må gi avkall på all form for musikalsk friheit så snart sigeren er i boks.

BMG står for kapitalmakta. Her skal det tjenast pengar er mottoet. Sjølv om både Gaute og Kurt virkar som fornuftige folk vil dei likevell oppleve det som eit enormt press når BMG vil drive tvangslanking (dvs max to daglige brødskiver med lett syltetøy), kostymetvang (gjerne bukser med glitter på sida ala N`Sync), intervjutvang (lære seg å opptre som fløtepus med svar som: Eg takkar Gud for denne framgangen, Eg er fortsatt på jakt etter den riktige jenta osv..), og musikalsk tvang (stort sett kjærleikssongar med en touch av klassisk musikk innpakka i r`nb - som f.eks avskyelige Alicia Keys). Stikkordet her er er altså tvang.

Kurt er til daglig vokalist og gitarist i Fenrik Lane, og innbillar seg at han kan fortsette å være det sjølv etter at han får idol-krona. Der tek han grundig feil. Kurt må nok belage seg på å sitte fastspent i sminkestolen det neste året, kanskje bortsett frå når det lanserast ny idol singel og BMG ser grønne sedlar komme tilbake i kassa viss kurt opptrer på topp 20 sommarturne. Målet med sminkesittinga er å style opp Kurt, gjere han fresh og sexy for plakatgenerasjonen. Han skal ikkje lenger få lov til å være den litt korpulente typen med stort rom mellom sine gule tenner. Neida. Kurt skal bli pen, vakker, velskapt, med kvite tenner og lyst hår (ser for meg ein blåkopi av Lance Bass i N`sync, heller ikkje ein pen type i utgangspunktet.).

Der har vi den kyniske musikkindustrien Kurt (Gaute,du vinn ikkje likevell). Du blir lett ein kasteball i eit system av grådige forretningsfolk med blod på hendene. Artister som New Kids On The Block, Jordy, Papa Joe og Babylon X prøvde alle å gå eigne veiar, men blei kaldt tatt av dage (og lufta).

Lykke til



torsdag, mai 15, 2003

 
Har fått en del kritikk fordi eg er så sparsommelig med linkar på denne bloggen. Dette skal eg rette på. Her gir eg dykk difor eit radiointervju med Noam Chomsky. Mannen som stillar spørsmål er ingen annan en Tom Morello frå Rage Against the Machine.

 
OM TABLOIDISERING OG ENKLE LØYSINGAR

Min åndelige veiledar Jens Kjeldsen gav meg i dag svært positiv tilbakemelding på mi oppgåve i mevi 102. Han forklarte at det var ei gjennomtenkt oppgåve med gode formuleringar, og dessutan likte han at eg på ein fornuftig måte hadde brukt teori til å belyse og kommentere dei empiriske døma (Drapet på 2-åringen James Bulger og Bandura sitt eksperiment). Det einaste han hadde å utsette var at oppgava kanskje var for litt lang, men dette tek på ingen måte motet frå meg.

Så klart må eg holde meg innanfor rammene som er satt i ei slik oppgave (5-8 sider) då målet er å trene på å skrive tekstar som kan uttrykke "masse" på relativt liten plass. Dette er tross alt eit trekk ved tida. I dagens tabloide samfunn er det no eingong slik at vi helst vil forholde oss til "enkle" og greie medietekstar (sjølv eit tv-program kan her oppfattast som ein tekst). Vi vil helst ikkje lære alt om ein sak, men gjerne litt om alt. Konsekvensen blir då at vi kan sitte på fest og rope "Shakira har fått seg ny kjæreste", men spør man kva kjærasten heitar er det mindre sannsynelig å få svar.

Slik er det moderne mennesket, kunnskapsrik, men også kunnskapslaus. Det vi søker (med fare for generalisering) er alltid enkle løysingar som f.eks resymeer, parafraser,stikkord osv. (eksempel: vi leser om ein forskningsrapport men aldri/sjelden forskningsrapporten i seg sjølv med mindre vi har ein pistol mot hovudet) Slik er eg og. Så eg kan forstå 5-8 siders regelen. Professorer er nok som folk flest ikkje interessert i å bruke lang tid på tekstar dei får i hende, særlig ikkje når det berre er unge quasi-intellektuelle (var det feilstaving?) studentankar som er raka samman på ein halv dag.

Men det finnast og unntak. Enkelte studentar er faktisk brennande interessert i det dei skriv om. Derfor bør man ikkje sjå ned på dei som ønsker å skrive lenger en fastsatt lengde, vi bør heller gi dei oppmuntring til skrive så langt som dei berre vil. (snakkar sjølvsagt ikkje om meg sjølv, eg er ganske komfortabel med det enkle og det nære)



onsdag, mai 14, 2003

 
Og Gud sa: La det bli Country!!

Det er en trist dag for alle country-fantaster (og det er mange av oss). BA melder på si nettavis at den ny etablerte/null-profitt countrykanalen i Loddefjord blir stoppa av sinte politimenn. Grunnen er at country-grunder Kenneth Larsen ikkje hadde søkt om konsesjon frå myndigheitene til å sende sin deilige musikk ut til det lystige publikum.

Dette er nok eit eksempel på at country fortsatt blir stempla som "lågkultur" hos snobbane som i dag svinsar rundt med Armani-dress i korridorane til kulturdepartementet.

La det bli sagt ein gong for alle: EG STØTTAR ALL FORM FOR ILLEGAL RADIOSENDING SOM ER MED PÅ Å FREMJE VAKRE COWBOYTONER. Kenneth Larsen har med sine sendingar vært med på å samle familen foran radioen (slå den P2), og sjølv dei mest rastlause barna har oppført seg som snille lamb når mannen med den hese stemma fortalte røvarhistorier om Johnny Cash, Tammy Wynette og Conway Twitty.

Eg håpar no at Country-Kenneth tar eit oppgjer med det plagsomme byråkratiet og kjem tilbake på lufta så snart som råd. Som Jimmie Rodgers så vakkert uttrykte det " Let me be by your side track".





tirsdag, mai 13, 2003

 
Å la andre ta seg av snakkinga er vel også drøfting?

Fikk mail fra seminarledar Pål i dag. Han hadde lest gjennom oppgava mi i medievitenskap og var både imponert og skeptisk på samme tid. Det var visst nok eit veldig godt oppsett med stor forståelse for teoriar om mediepåvirkning, men han etterlyser denne pokkers drøftinga!!.

Om eg fiksa opp i et par småting og kom med meir personlig drøfting ville det bli veldig bra til slutt. Det er mulig det var litt upersonlig stil over oppgava med fraser som "han hevdar", "i følge Iversen" "forskerane meinar" osv.., men det er kun fordi eg vil være nøye med kildehenvisning. Så klart kan man skrive litt svada strofer rundt dei viktige momenta og på den måten auke sidetallet, men eg har i denne oppgava gått fram som på alle andre heimeeksamenar. (Er forresten ein fin balanse mellom ytring for og ytring mot den grusomme medievolden - både i sakligheit og dekning av kvart synspunkt). Altså er det ikkje drøfting når det er for masse teori side ved side?.

Så klart må eg kunne tåle kritikk frå ein erfaren medievitar, eg gjer også det. Har fått skrive ein god del på oppgava i dag (blir nesten for long no). Blir berre litt forvirra over dette begrepet DRØFTE. Er så ambisiøst, liksom.

Jaja, får høre med Jens Kjeldsen på torsdag.

 
I dag har eg gjort forferdelig lite interessant. Eller har eg det?.Sjølv om livet mitt neppe inneheld nok actionfylt materiale til å fylle meir enn ein tre minutts kortfilm i Grimstad ser eg likevell på meg sjølv som unik person.Ja vel, eg valgte å kaste bort fleirfoldige timar foran ein dataskjerm kun avbrutt av ein obligatorisk middag med servelatpølser og lett melk, men det er sikkert andre som har hatt ein betydelig dårligare mandag enn meg. F.eks har eg innimellom meiningslause nettsøk fundert over Jurgen Habermas sin teori om Borgerlig Offentlighet, og komt fram til at på tross av alle rasistiske/mannsjåvinistiske idear han måtte komme med (må sjølvsagt kritiserast) er det likevell en genial teori. Den offentlige samtalen bør være kreativ og i det minste ikkje dreie seg om små filleting som "Bensinprisar", "Britney Spears", "Maud Angelica", "Rosenborg" eller "Været på 17 mai". Slike ting er uviktige i det store og heile og tek vekk oppmerksomheita fra reele problemer i samfunnet. Hører vi statsministeren snakke om fattigdomsproblemer med genuin bekymring eller er det kun tomme fagre valgløfter fra ein mann som klorar seg til makta?. Hører vi kongen snakke med bekymring om krigen i Irak eller holet i Ozonlaget eller er han for opptatt med å representere nasjonen Norge som ein imbesil bestefar uten meiningar whatsoever?. Hører vi folket ta tak for å sikre kvinner lik lønn for likt arbeid eller er dei (vi) for opptatt med å følge med på dei viltre påfunna til Hallvor og gjengen i Big Brother?. Slike ting har eg på tenkt i dag. Ikkje at eg har gjort noke fornuftig for å rette opp i samfunns problemer, men eg har i alle fall tenkt over dei.

 
Velkommen mine venner. Etter timer med intens banning har det no endelig komt opp en kommentarboks. Livet ser lysere ut.





This page is powered by Blogger.