Er du Pro-Usa, Über Kapitalist eller Trancefan kan du like godt trykke på tilbake knappen med det samme.
 
 
Mediatankar og andre skavankar 
  corner   



HEIM

ARKIV


Denver Gentlemen

Dissident Voice

Hasunds Hund

CDON

Michael Moore

Hei. Eg driver denne bloggen etter beste evne. Eg er 23 år og held på med grunnfag i medievitenskap ved Universitetet i Bergen. Innholdet på bloggen vil nok variere, men hovedtema vil bli medierapportering og diverse hyllester til alternativ country musikk. Americana

Reuters

New York Times

Ananova

Noam Chomsky

 

onsdag, februar 25, 2004

 
MENNESKET OG KAMELEONEN

Hører på: Explosions in the Sky - First breath after coma (deilig)

Mine blogginnlegg har ein tendens til å formast over lang tid. Sjølv om det sikkert kan minne om tankelaust rabalder kvesta saman på få minutt er sanninga derimot meir kompleks enn som så. Mine blogginnlegg er ikkje skreven i ein tilstand av affekt, men er eit selsamt kirurgisk arbete der kvart adjektiv blir samla inn frå høgkulturelle aviser som Morgenbladet og Ny Tid, og ved hjelp av litterære metoder henta dels frå dadaismen, dels frå russisk futurisme, kobla saman til meiningsbærande einheiter til glede for mor og far. Ok, la tøyset avsluttast. No vil eg rette merksamd mot eit fenomen som eg vil omtale som Mennesket og Kameleonen. Eg tar no på meg forskarhatten og startar med ei episode henta frå min eigen røyndom.

Lett sjanglande på livets landeveg kjem eg bortover Møhlenpris sine vakre gater. Dagen nærmar seg sin tredje time og våren daskar forsiktig borti mitt ansikt med hjelp av sin følgesvenn: den kalde brisen. Gata er lang i dag, rundt omkring 300meter med rett strekning vil eg tippe. Som det målretta mennesket eg er har reiseruta blitt lagt i god tid før avreise frå Stormsgate 5. Alt er altså såre vel. Men så skjer det ein heller triviell episode som i ettertid kan seiast å ha endra mi livsoppfatning og muligens gjort meg til eit betre menneske. Langt borte i synningom ser eg vedkommande komme mot meg. Han er sjanglande som meg, syngande som meg, litt liten og kraftig som meg og bevegar seg med slappe skritt i mi retning. Eg bestemte meg på forhånd å gi han eit likegyldig blikk, eit blikk som liksom skulle uttrykke "ja vel, vi er født på samme klode, men egentlig betyr du ingenting for meg så berre gå vidare du". Medan eg fortsatte med mi antagonistiske tankerekke ser eg plutselig at vedkommande strekk handa ut frå kroppen sin. Fortsatt bevegar vi oss i samme målretta tempo. Kanskje er vi vi 20 meter frå kvarandre, muligens mindre. Poenget er likevell at denne ukjente karen gir meg ingen valg: enten trekk han høgrearmen tilbake eller så blir det heftig slåssing der den eine parten slår (han) og den parten lar seg bli slått (meg). Dilemaet er til å ta og føle på. Men kva er det som skjer?

Plutselig og heilt ubevisst frå mi side strekk eg mi venstre hand ut. Ikkje som ein truande bevegelse, men det som eg i etterkant har omtala som mitt kamelonske indre. I brøkdelene av eit sekund berørar våre håndflater forsiktig kvarandre i ein slags ydmjuk helsing som ein ellers kun forventar av ein undersått i sitt møte med den ondskapsfulle Kong Ferdinand. Etter å ha berørt eit av menneskets skitnaste kroppsdelar forsvinn vi vidare inn i vårens lune nattetimar utan å veksle eit ord med kvarandre og utan å snu oss tilbake. Møtet er fullbyrda. Kva var det så dette møtet i natta kan fortelle oss?

For det første må eg seie eit par ord om kva det ikkje var. Av enkelte infantile kompiser har dette blitt omtalt som ein sår homo-erotisk opplevelse som egnar seg best seg på trykk i pornografiske medium under spalten "leseren forteller". Tåpelig forslag uten tvil, fordi dette strekk seg langt over seksuelle legninger og preferanser, noko eg er fullstendig likgyldig til. (psst, eg er hetero!) Møtet var derimot eit bevis på mellom-menneskelige aspekter som knyttar oss saman som medmennesker og som gjer det mulig for oss å fungere rimelig greit i samspan med andre individ. Dette usynelige felleskap mellom mennesker av ukjent opprinnelse (og ikkje berre felleskap gjennom blodsbånd eller kameratskap) gir meg håp for framtida. For en gangs skuld er det ein ektefølt kjensle som renn gjennom meg og ikkje tom ironisk språkakrobatikk innrulla i oppbrukte klisjear. Slike kjensler er altfor fullkomne til å formulerast gjennom språkets faste regelverk og burde difor ikkje bli publisert som blogginnlegg. Sidan det er umulig for meg å gjengi slike kjensler på ein rettferdig måte henvendar eg meg difor til lesaren sin nostalgiske sans. Tenk på smaken av din aller første iskrem, lyden av barne-tv for dei minste, eller den velduftande aroma som tilhøyrte din første kjæreste (og igjen dette er ikkje ein erotisk skvalder). Då kan du kanskje forestille meg den gleda eg følte over eit enkelt håndtrykk denne brisne vårnatta.

Kva er så denne teorien om mennesket og kameleonen spør du kanskje. Her kjem te-skjei versjonen. Min vitenskapelige erkjennelse er at mennesket er ein kameleon. Ein kameleon i menneskelig forstand er i følge definisjonen ein "person som stadig skifter standpunkt etter forholdene" Grei definisjon det. Men det "kameleonske" rommer så masse meir en eit koldtbord av standpunkt som vi benyttar oss av i forskjellige situasjoner. Definisjonen er også for negativ då den gir meg assosiasjoner til kald og kynisk opportunisme og ikkje klarer å gripe det positive aspektet ved kameleonen. Kameleonen er nemlig ein svært hyggelig person å ha rundt seg skal du vite.

Tenk deg følgande. Du er på ein fest med fullt fres. Ingen kristenfolk i sikte. Livet er som ein våt drøm. Du kjem i kontakt med ein person som virkar svært interessert i deg og du siklar etter han/ho. Snart gjer kameleonen sitt inntog og dykk startar å kopiere bevegelsane til kvarandre. Ein enkel handbevgelse, lav eller høglydt latter, løfting av augebryn, ein sjarmerande hiksting, hårfikling osv.. Her har vi to personar som delar ein opplevelse av unison samansveising. Om begge får oppfylt sine ønsker for kvelden er egentlig ikkje so viktig. Det interessante sett frå eit vitenskapelig synspunkt er at kamelonen er din venn i slike situasjoner.

Tenk deg så at du ikkje får napp hos vedkommande (viss det var det du ville). På veg heimover møter du ein rekke personar som kjem gåande mot deg. Enkelte har muligens fått litt masse alkohol i kroppen (teorien er ikkje gyldig for personar i ekstremt rusa tilstand), andre kjem frå kinoens dunkle sal (teorien er ikkje gyldig for personar som er utsatt for usannsynnelig mange sanseinntrykk på ein gang), medan andre kjem gåande frå heilt andre plassar. Desse siste er vår målgruppe. Har ikkje du enkelte gangar tatt deg i å kopiere ansiktuttrykk frå tilfeldige forbipasserande, utan å vite kvifor det skjer? Muligens føler du deg litt rar og lurer på om den andre personen la merke til at du kopierte uttrykket deira. Det artige er at ein ofte observerar at sjølv sure og nedtrykte menn og kvinner blir smitta av eit vakkert smil. (smil smittar bla bla) Men endå bedre er det når sprudlande folk møter eit bittert steinansikt og plutselig blir tvinga til å la smilet falle til fordel for eit ansikt som uttrykker det motsatte av livsglede. Ahh, ein må le litt.

Fordi eg veit at folk som regel mislikar lange blogginnlegg samtidig som eg er ganske lei av heile snakket om felleskap og slikt (å nei, var heile greia ironisk igjen) kjem eg ikkje til å skrive meir om temaet. Kameleonen befalte meg nettopp å gå ut i mørket for å kopiere vettskremte framande... MOhahha

OPPDATERT KAMELEONSTOFF: denne artikkelen som eg kom over ganske så tilfeldig 28/02-04 gir meg ein viss faglig støtte.



tirsdag, februar 03, 2004

 
INGEN VASKEBRETT PÅ DENNE KAREN

hører på The Jayhawks - Save it for a rainy day

Eg har alltid hatt eit ønske om å vite korleis eg kjem til å sjå ut i framtida. Vil mitt ansikt foringast til det ugjenkjennelige, blir hengepuppar og hårete knokar livets last, og vil dei no så smått ankomne grå hår gjere meg utsøkt som mobbeoffer for genetisk perfekte og velutvikla skårunger? Alderdom kan nok være ein forferdelig ting for mange. Kall meg gjerne forfengelig, jau kall meg gjerne ein overfladisk tulling med det samme, eller kom gjerne opp med meir originale skjellsutsagn. Uansett hadde det vært "coolt" å la dataen vise ditt ytre deg 20-30 år fram i tid.

Slike eksperiment er mulig i denne teknologiens tidsalder, men koster nok buksa og vel så det. Eit dårlig alternativ er å besøke denne nettsida her. Då kan du nemleg legge inn litt enkle opplysningar om deg sjølv og få opp på skjermen eit portrett av deg sjølv som virituell modell. Slik du ser ut I DAG. (nåja, du får freista)

Her er meg i boksershorts medan eg speilar kroppen etter å ha inntatt morgenkaffeen.





This page is powered by Blogger.